Styret ved Høgskulen i Volda er ferdige med sine vurderingar i struktursaka for høgskular og universitet. I vedtaket seier dei at dei har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ønskjer at Høgskulen i Volda held fram som sjølvstendig institusjon.

Sogn og Fjordane

– I innstillinga frå direktøren var det formulert slik at det å halde fram som eigen institusjon var eit direkte førsteval frå styret. No viser styret til at det er brei oppslutnad om dette på høgskulen, utan at vi sjølve tek stiling til det, seier rektor og styreleiar Per Halse.

Det er Kunnskapsdepartementet som har bedt høgskulane kome med synspunkt på framtidig struktur for høgskulane og universiteta i landet.

«Dersom styresmaktene meiner at vi må inn i ei større eining, ser styret det som mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane», står det i vedtaket.

Samlande

– Vi meiner at vi står sterkast med eit samla Nord-Vestland med alle fire høgskulane, Molde, Ålesund, Volda og Sogn og Fjordane. Det verkar mest samlande. Det var ingen store diskusjonar om dette, seier Halse, og legg til at dei aldri har hatt sterke tradisjonar for samarbeid med til dømes NTNU i Trondheim.

Han har registrert at Molde har sagt mykje det same. Dei ønskjer å halde fram som sjølvstendig eining, med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og eventuelt Sogn og Fjordane, dersom dei må gå inn i ei større eining. I Sogn og Fjordane seier dei også at dei ønskjer struktur som i dag.

Enten Høgskulen i Volda held fram som eigen institusjon, eller vert slått saman med andre høgskular på Nord-Vestlandet, vil styret prioritere følgjande som nasjonale satsingsområde for høgskulen: Yrkesretta medieutdanning, nynorsk i utdanning, forsking og formidling, og fleksibel vidareutdanning .

Halse fortel at medlemene i styret har sterke meiningar og ulike preferansar.

– Men vi meiner at vi i dette vedtaket fremjar klare tankar om kva måte vi skal profilere og styrke Høgskulen i Volda på i framtida.Det er det viktigaste – same kva organisering denne prosessen endar opp med.

Berte Kanutte-huset: Det er brei oppslutnad om ein sjølvstendig høgskule i Volda.