Det gjer rådmannen med å be formannskapet leggje ut til offentleg ettersyn reguleringsendringa som tilseier at ein slik kan etablerast.

Forslagsstillar er Uno X Automat AS, og planfagleg konsulent er AG plan- og arkitektur AS. Føremålet med planendringa er å legge til rette for automatstasjon for sal av drivstoff ved den nyetablerte Rema 1000-butikken.

– Spørsmålet om etablering av automatstasjon er tidlegare forsøkt handsama som dispensasjon frå reguleringsplanen. Samfunnsutvalet (SFU) avslo søknaden, forklarar rådmannen.

Stor motstand

Det har vore til dels stor lokal motstand mot etablering av bensinstasjon på Ose.

– Naboane er mellom anna uroa for støy- og luftforureining, brann og eksplosjonsfare, fare for forureining til Ørstaelva, trafikkfare og estetikk, kommenterer rådmannen. Naboane spør ogsåom det er behov for fleire bensinstasjonar i Ørsta sentrum.

Forslagsstillar gjer greie for at kundar ved stasjonen i hovudsak vil vere kundar i butikken til Rema 1000 og bilistar på E39, og meiner difor at støyauken i området ikkje vil verte vesentleg.

– Ut ifrå dei opplysningane forslagsstillar har lagt fram meiner rådmannen at det er gjort godt greie for kva tiltak som skal gjerast for å betre tryggleiken. Likevel vil det alltid vere ein viss risiko knytt til farlege stoff, og ein kan ikkje sikre seg 100 %, kommenterer Solheim.

Fornuftig plassering

– Om det er behov for fleire bensinstasjonar i Ørsta sentrum vil alltid vere ei skjønnsak, og rådmannen har lite grunnlag for å vurdere marknadssituasjonen, seier rådmannen i saksutgreiinga.

Ho meiner at kommunen normalt ikkje bør nytte reguleringsplan til å regulere konkurransesituasjonen.

– Lokaliseringa i tilknyting til eit næringsområde/forretningsområde og i direkte tilknyting til E39 med gode avkøyrsleforhold synest fornuftig, men stasjonen vil også vere eit blikkfang langs innfartsvegen som nokon kan oppfatte som uheldig. Dersom bensinstasjonen vert oppfatta som skjemmande, kan det vurderast å stille strengare krav til estetisk utforming. Ut ifrå ei samla fagleg vurdering ser ikkje rådmannen grunnlag til å gå imot etablering av Uno-X på Ose.