Gjennom ein periode på rundt ein månad tidlegare i år sendte mannen fleire trugslar via sms til sin tidlegare kjæraste gjennom hennar nye kjæraste. Innhaldet i meldingane var m.a. «Du er død» og «Hun skal aldri bli 20». Tidlegare hadde han og sendt meldingar direkte til sin tidlegare kjæraste med skremmande innhald. Mannen fekk forkynt besøksforbod i slutten av 2012, men sendte meldingar etter dette og oppsøkte også sin tidlegare kjæraste til trass for besøksforbodet.

I retten erkjende mannen straffeskuld fullt ut for meldingane og brotet på besøksforbodet. Retten meiner at mannen har handla forsettleg, og at trugslane var framsett i den hensikt å skape alvorleg frykt. Dei viser og til at mannen er inne i ei positiv utvikling, og at fengselsstraff kan øydelegge mulegheita til å få orden på livet sitt.

Mannen vart dømt til 87 dagar med samfunnsstraff, men ei gjennomføringstid på 120 dagar, subsidiært fengsel i 90 dagar. Mannen vart og ilagt besøksforbod på tre år overfor sin tidlegare kjæraste og hennar kjæraste. I tillegg må han betale sakskostnader på 2.000 kroner.