Både Ørsta og Volda går nedover på lista over Noregs beste kulturkommunar, melder NRK.

Kåringa er basert på Norsk kulturindeks 2014. Volda er den 90. beste kulturkommunen i landet, ned frå ein sterk 48.-plass i 2013. Ørsta er den 176. beste kulturkommunen i Noreg, ned frå 120.-plass i 2013.

Ørsta og Volda er likevel dei to beste kulturkommunane på Søre Sunnmøre, ifølgje kåringa. Neste kommune på lista er Ulstein på ein 210.-plass.

Kåringa ser på fleire faktorar. Konsertar, bibliotek, kinoar, kulturskular, museum, scenekunst, sentral tildeling av kulturmidlar og frivilligheit er alle med i utrekninga.

Noregs beste kulturkommune er, ifølgje indeksen, Røros.