- Vi er svært opptekne av å styrke busstilbodet mellom Ørsta-Volda og ytre, men eg meiner Timeekspressen framleis bør gå via Festøya, iallfall så lenge E39 går der, seier fylketingsrepresentant Ingrid Opedal (SV).

Torsdag ettermiddag var Opedal, SV-leiarar frå alle lokallaga på Søre Sunnmøre og SV-nestleiar og tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell samla i Garneskrysset i Ulstein for å feire at bussterminalen er komen på plass der. Terminalen gjer kollektivtilbodet mellom Ørsta-Volda og Ytre Søre Sunnmøre langt meir effektivt.

Tilførselsrute

Den nye terminalen har gjort det mogleg med bussavgangar mellom Hareid/Ulstein, Herøy/Sande og Ørsta/Volda nesten kvar time frå morgon til kveld. Men Timeekspressen mellom Volda og Kristiansund bør ikkje gå via øyane, meiner Opedal.

- Det vi har jobba for, er ei tilførselsrute mellom øyane og Furene, slik at folk kan gå ombord i Timeekspressen der. Då kan dei både kome seg på Timeekspressen via hurtigbåten til Ålesund og via buss til Furene, seier Opedal.

- Blir ikkje flytta

Frode Kvalheim i samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune deltok også på arrangementet i Garneskrysset. Timeekspressen blir ikkje flytta, seier han.

- Det er politisk vedtak på dette. Timeekspressen følgjer stamvegen. Om det skal endrast, må det gjerast frå politisk hald.

- Men trafikkgrunnlaget ville vore større om bussen gjekk via Ulstein og Hareid?

- Ja, men for Timeekspressen sin del har det vore viktigare at han følgjer den kortaste ruta frå sør til nord, seier han.

Les meir om Garneskrysset og kollektivtrafikk i Møre-Nytt laurdag.