Tine-meieriet i Ørsta vart onsdag heidra med gull- og bronsemedalje under den internasjonale matkonkurransen i Herning Danmark.

Der fekk TINE Meieriet Ørsta gull og ærespremie for krydra Brunost, 500g.

International Food Contest i Herning i Danmark er verdas største meieriutstilling. Meieriet i Ørsta tok også ein bronsemedalje for TINE Snøfrisk kvitost.

– Bak ligg det stor innsats, og høg kvalitet i alle ledd. Dette stadfestar også at TINE sine produkt hevdar seg godt i konkurranse med meieriprodukt frå våre naboland, seier meierisjef Bente Reklev

100 års tradisjon

International Food Contest vert arrangert kvart år med matprodusentar frå mange land. Utstillinga er ei vidareutvikling av den tradisjonelle «Landsmeieriutstillingen» der meierifolk i over 100 år har bedømt produkta til kvarandre.

– Formålet med utstillinga er å fremje den faglege stoltheita gjennom bedømming og premiering av produkt. Utstillinga skal også verke som inspirasjon til kvalitetsforbetring og produktutvikling, heiter det frå Tine.