I 2011 kartla Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) flaum- og skredfaren i Noreg.

Resultatet av undersøkinga viste at Ørsta er mellom kommunane med høgast risiko for både jordskred, snøskred steinsprang. Aftenposten dreg fram Ørsta, Aurland, Luster og Odda som døme på kommunar med svært høg risiko.

NVE konkluderte med at faren for jordskred er størst i Ørsta sentrum, medan faren for snøskred er størst på nordsida av Ørstafjorden, på Sæbø og i Follestaddalen. Begge desse har første prioritert hos NVE.

Risikoen for steinsprang er størst mellom Øye og Norang (første prioritet). Det er også stor fare for dette ved Sæbø (andre prioritet).

I Volda har dei nordlege delane av sentrum fare for jordskred, medan delar av områda langs Austefjorden og Dalsfjorden har fare for snøskred. Begge desse har andre prioritet

Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er dei to områda i Noreg som er høgast prioritert når det gjeld fare for fjellskred. Det er denne typen skred som blir løyst ut om Mannen i Romsdalen løysnar.

Seinorrådgjevar Hallvard Berg i NVE presiserer til Aftenposten at dei ikkje har full oversikt over faren for skred og flaum.

Vartdal er til dømes ikkje med i oversikta over områda med høgst risiko. I 2013 gjekk det eit stort jordskred i Årsetdalen. Her har NVE konkludert med at faren for nye skred er liten.