Eit ambulansehelikopter har frakta ein person til sjukehus eter ei utforkøyring ved Festøya torsdag morgon.

Det var kl. 09.22 at politiet sin operasjonssentral melde frå om ulykka.

Det er ein lastebil som har køyrt av vegen, og Møre-Nytt sin reporter på staden melder at  lastebilen har køyrt i sørgåande retning, mot Vartdal, då ulykka skjedde. Det ser ikkje ut til at andre bilar er involvert i ulykka. Lastebilen har hamna i grøfta, og velta.

Helse Møre og Romsdal melder at føraren av lastebilen, ein mann i 50-åra, vart frakta til Ålesund sjukehus. Han er lettare skadd og tilstanden hans er stabil.

Det var truleg vått på asfalten då ulykka skjedde, men politiet trur ikkje det har vore is.

Det er politi og mannskap frå brannvesenet på Vartdal til stades på skadestaden. Politiet starta i titida dirigering av trafikken, og han går no som normalt.

Politiet opplyser at det seinare i dag vil verte gjennomført bilberging. Då vert det manuell dirigering av trafikken, og kanskje ei stenging for ein kortare periode.