Når ferjesambandet Volda-Lauvstad går inn i ei ny anbodsperiode frå nyttår, blir det også ny ferje i sambandet.

MF «Høgsfjord», som trafikkerer sambandet i dag, blir bytta ut med MF «Ørland», meler avisa Møre.

Den nye ferja har plass til 50 personbileiningar (PBE), 26 færre enn dagens ferje.

Norled seier til Møre at dei ønskte av Høgsfjord skulle halde fram, men at dei ikkje fekk med seg Statens vegvesen på dette. Ferjebytet medfører også at sambandet Volda-Folkestad får ei mindre avløysarferje.

Ferjebytet heng også saman med andre samband, og det kan vere ei opning for at «Høgsfjord» kjem tilbake til Volda-Lauvstad neste haust. Men dette er førebels uvisst.

MF «Ørland» vart bygt i 2006 og går i dag i trafikk i Trøndelag.