– I staden vil vi renovere tårnet. Arbeidet med det er godt i gang, og det skal stå klart til jul, fortel distriktssjef i Avinor, Anette Elstad.

Ny teknologi

Avinor har i lengre tid lovd å gjere noko med tårnet på Hovden. Det er svært utdatert, og seinast i mars sa Elstad til Møre-Nytt at dei håpte på byggjestart på nytt tårn i løpet av 2014. No snur dei.

– Fjernstyrte tårn er framtida, seier ho no, og viser til eit prøveprosjekt dei har hatt gåande på flyplassen i Røst i Nordland. Der er 14 kamera montert i eit tårn som vert styrt og kontrollert frå Bodø.

– Avinor ser inn i framtida. Dei er innovative, seier lufthamnsjef Sverre Bae, som seier seg nøgd med at dei får rusta opp eksisterande tårn på Hovden både fysisk og også når det gjeld teknologien. I tillegg vert det jobba med å ruste opp ankomsthallen. Om Hovden får kameratårn i framtida står det att å sjå.

Opp og fram

Leiar for Utviklingsforum for Hovden lufthamn, Odd Magne Vinjevoll, stiller seg noko skeptisk til framtidsvisjonen til Avinor.

– Eg trur det ligg langt opp å fram dette med fjernstyrte tårn. I alle fall når det gjeld litt større flyplassar med stor trafikk. Det er kanskje ikkje så vanskeleg i Røst.

For Hovden har vekse seg stor. I 2013 vart det sett passasjerrekord for eitt år med over 120.000 reisande. Flyplassen har på det meste 10 avgangar i løpet av ein dag. Vesle Røst har to avgangar om dagen.

Men Avinor satsar. Dei er i gang med å skaffe tilsvarande system for 15 lufthamner, og legg opp til at desse frå 2016 skal vere betjent frå eitt senter. Kva flyplassar dette gjeld er ikkje klart enno.

–Det er ein fantastisk teknologi. Eg har besøkt Bodø og sett korleis det fungerer, og du kan høyre måsane i fjøra rett ved flyplassen i Røst. Det er som å vere der, seier Elstad, og legg til at sikkerheita alltid kjem først, og at dette ikkje ville ha vore jobba med om dei ikkje såg løysingane som gode nok.

– Dette er framtidas tårnteneste. Dei som held oversikta kan sitje på bakkenivå, så gjer kameraa jobben med å sjå i høgda.

Dei som held oversikta kan sitje på bakken, så ser kameraa i høgda

Framtidsretta: Distriktssjef i Avinor Anette Elstad var i Ørsta tysdag for å møte Utviklingsforum for Hovden lufthamn. Her viser ho fram framtidsvisjonen til Avinor. Fjernstyrte flytårn med kamera som skal erstatte dei tradisjonelle flytårna. Difor vert det ikkje nytt flytårn på Hovden no.