Store nedbørsmengder dei siste dagane har ført til auka flaumberedskap i Ørsta, Volda og elles på Sunnmøre.

– Vi har ikkje hatt nokon meldingar før no i føremiddag. Det var ein føringskant på Viddal bru som var øydelagt. Det er ikkje så dramatisk og fører ikkje til stenging av brua, seier Ulf Kristian Rongstad i teknisk sektor i Ørsta kommune.

Vi skal ikkje lenger enn til Stryn før flaumen er eit faktum. Fleire elvar fløymde over her tysdag kveld. I Sogn og Hardanger har flaumar teke med seg fleire hus og ført til omfattande evakueringar.

Dei siste åra har Ørsta kommune brukt fleire millionar kroner på flaumsikringstiltak. Det viktigaste tiltaket er avskjeringskanalen i Grepalia.

– Tidlegare var det ofte overfløymingar her når nedbørsmengdene var som dei har vore dei siste dagane. Når avskjeringskanalen no er på plass, ser vi at dette ikkje er eit problem lenger. Det hadde vore stor fare for flaum i dette området no om det ikkje hadde vore for avskjeringskanalen, så den var verdt dei millionane han kosta, seier Rongstad.