Det kraftige regnvêret dei siste dagane har ført til auka flaumfare i Ørsta, Volda og andre stader på Sunnmøre. Og vi skal ikkje lenger enn til Stryn før flaumen er eit faktum.

Forsikringsselskapet Frende har fått inn femti skademeldingar som følge av vêret per onsdag morgon. Dei ventar eit skaderush som følgje av flaumen.

– Vi antar at talet vil stige ein del når kjem heim frå jobb, og når folk reiser på hytta i helga får sett nærare på den, seier kommunikasjonsansvarleg Heidi Tofterå Slettemoen i ei pressemelding.

Det er utette bygningar som er mest utsette for flaumskader. Her kjem vatn inn gjennom vindauge, dører, terasser og skorsteinar.

Du har ansvar

Slettemoen presiserer at både lokale beredskapsmynde og den enkelte forsikringstakar har ansvar for å halde grøfter og stikkrenner opne slik at vatnet får renne vekk.

– Du kan sjølv sørge for at avlaup og kummar er opne slik at vatnet har fritt leide. Er det fare for at vatn kan kome inn i kjellar eller garasje, bør du flytte gjenstandar opp frå golvet, oppmodar ho.

Dyrare forsikring

Alle bygningar som er forsikra mot brannskader, er automatisk forsikra mot naturskade. Men prisen er ikkje den same uansett.

– I eit flaumutsett område kan prisane på forsikring gå opp, fordi risikoen for at du opplever skader er så høg, seier Slettemoen.

Her er 10 råd frå Finans Norge ved flaumfare:

  1. Hald deg unna elver og bekkar med stor vassføring

  2. Sørg at at avlaup og kummar er opne slik at vatnet får renne bort.

  3. Sjå til at nærliggande bekkar ikkje er demma opp av hageavfall eller andre gjenstandar.

  4. Fjern store kvistar og gjenstandar som kan hindre fri vassførsel.

  5. Rydd hagen for møblar, lause materiale, grill og gjenstandar som kan bli tekne av flaumvatnet.

  6. Er det fare for at vatn kan kome inn i kjellar eller garasje, bør gjenstandar bli løfta opp frå golvet. Sett ting i hyller, reolar og plastbokser som toler vatn.

  7. Fjern lause teppe og anna laust golvbelegg.

  8. Hald dører og vindauge til kjellar og loft lukka. Dekk til med sandsekkar om naudsynt.

  9. Følg med på nyheitene og meldingar frå lokale styresmakter. Det kan bli sett i gang tiltak.

  10. Avtal med naboar eller venner om å gjere tiltak og halde auge med huset ditt om du ikkje er heime.