Møre-Nytt har høyrt frå folk både i Rystefeltet, i Mosmarka og på Vinjevoll, og alle seier det same. Det luktar svovel ute. Gunnar Wangen i miljøavdelinga i Ørsta kommune har inga forklaring på kva det kan vere.

- Sist det skjedde var etter vulkanutbrot på Island, då heile Vestlandet var plaga av både vulkanstøv og svovellukt. Du får høyre med ein meteorolog, foreslår han

Uforklarleg

- Nei, vi har ingen rapportar om noko vulkanaktivitet på Island som kan vere årsak til dette, seier vakthavande meteorolog i Bergen.

- Men vi fekk ein telefon frå 110-sentralen i Ålesund for kort tid sidan med det same spørsmålet, om vi kunne forklare svovellukta, så det er nok fleire på Sunnmøre som merkar det, seier han.

Natt til onsdag var det eit heftig torevêr ute.

- Men det er nok heller ikkje årsaka. I så fall vil det vere første gongen at lyn og torden gir svovellukt. Eg kan dessverre ikkje gi noko forklaring, orsakar meteorologen.

Fersk fyrstikk

- Jau, det er torevêret, meiner ei bestemt Liv Hasund på telefon til Møre-Nytt onsdag føremiddag.

- Eg hugsar det frå då eg var lita og vaks opp på Austlandet. Det beste eg visste var å springe ut etter torevêret for å lukte. Det er same lukta som er her no. Det er som ei fersk fyrstikk, og særleg når torevêret har vore så nært og så intenst som det var i natt. Eg har ikkje kjent det her i området før, men eg meiner bestemt at det er dette som må vere årsaka.

Og medan dei fleste på Sunnmøre rynkar på nasa over lukta, gler Liv Hasund seg.

- Det luktar så godt!