Folketalet i Ørsta er i vekst, men kring om i kommunen er det store krinsvise variasjonar. Nokre bygdelag har stor fråflytting.

Det viser tal Møre-Nytt har fått tak ifrå SSB via fylkesstatistikken til Møre og Romsdal fylkeskommune. Medan det til dømes har vore ein vekst på 302 personar i Ørsta sentrum dei siste fire åra, har det vore ein nedgang i folketalet på 42 personar i Hjørundfjord og ein nedgang på 45 personar på Vartdalsstranda.

Men også der er det store krinsvise variasjonar, og det syner seg at både Vartdal sentrumsområde og Sæbø har hatt vekst.

Tala Møre-Nytt har fått tilgang til er frå 1. januar 2010 og til 1. januar 2014.

Hovdebygda og Ose

Desse syner at det i Hovdebygda bur 1021 personar per 1. januar i år. Det er ein vekst på seksten personar på fire år.

På Ose bur det 1073 personar, og det er ein tilbakegang på 28 personar. Det går ikkje fram av statistikken kvar krinsgrensa mellom Ose og Hovdebygda går, og kor mykje av Rystefeltet som er med i tala for Ose.

I Melsbygda bur det 96 personar, og det er ein vekst på 11, medan Liadal har hatt ein vekst på 15 personar. I Liadal var det 252 personar busette ved siste årsskifte.

På Lystad har det vore ein nedgang på fjorten personar dei siste fire åra, og det budde 114 personar i den krinsen ved årsskiftet.

Øvre Mo

Den store vekstkrinsen i Ørsta (og Ørsta sentrum) har vore Mo/Nupen, og det er ikkje overraskande med tanke på utbygginga i Øvre Mo. I denne krinsen budde det 1.492 personar ved siste årsskifte, og det utgjer ein vekst på 196 personar på fire år.

Nokre sentrumskrinsar har hatt tilbakegang i folketalet. På Vallabøen budde det ti færre personar per 1. januar 2014 enn 1. januar 2010. Krinsen hadde 1.014 innbyggjarar ved årsskiftet. På Mork/Vinjevoll var det ein reduksjon på 22 personar i folketalet i den aktuelle perioden, og det budde 455 personar i krinsen 1. januar i år.

Follestaddalen og Åmdalen

Follestaddalen er ein av krinsane med folketalsnedgang. Det budde 237 personar i dalen ved årsskiftet, og det er åtte færre enn for fire år sidan.

Ein krins som har stått heilt stille, er Åmås. Der budde det 310 personar 1. januar 2014, det same som for fire år sidan. I Åmdalen elles, inkludert Bjørdalen, har det vore ein vekst på 9 personar. Folketalet var per 1. januar i år på 750 personar.

Hjørundfjord

I Hjørundfjord er det eit markant skilje i folketalsutviklinga mellom Bondalen/Sæbø på eine sida, og alle dei andre krinsane.

Bondalen og Sæbø har så vidt hatt ein vekst med fem personar i fireårsperioden. Det budde 628 personar i dette området per 1. januar. Sæbø sentrum hadde 287 av desse innbyggjarane.

I Storfjorden (Bjørke og Viddal) har det vore ein reduksjon på 26 personar i fireårsperioden. Ved årsskiftet budde der 122 personar.

Også i Norangsfjorden har det vore ein nedgang. I krinsane Urke og Øye budde det 112 personar ved årsskiftet (56 i kvar krins) og det er 14 færre enn for fire år sidan. På Trandal budde det ni personar, Standal 27 og i krinsen Ytre-Standal/Brattheim nitten personar. Den samla nedgangen i folketalet var på sju personar.

Samla i Hjørundfjord budde det 917 personar ved årsskiftet, noko som er 42 færre enn for fire år sidan.

Vartdalsstranda

Også på Vartdalsstranda er det store skilnader i utviklinga. Bygdene Barstadvik og Nordre Vartdal har hatt ein markert tilbakegang.

På dei fire siste åra har folketalet i Barstadvik vorte redusert med 31 personar til 277 per 1. januar 2014. På Nordre Vartdal er folketalet redusert med 11, og var ved årsskiftet på 179 personar.

På Vartdal inkludert Årsetdalen budde det ved siste årsskifte 597 personar, noko som er 3 færre enn 1. januar 2010. Det har vore ein vekst på Sætre (sentrumsområdet) med 21 personar, medan det i bygda elles har vore ein tilbakegang på 24 personar. Vartdalsstranda samla hadde 1. januar i år eit folketal på 1.053, og det er 45 færre enn for fire år sidan.

I papirutgåva torsdag kjem det detaljerte tabellar.