Tysdag var ruteansvarleg i Widerøe, Tina Staven, i møte med mellom andre Utviklingsforum Hovden Lufthamn, med Odd Magne Vinjevoll i spissen. Etter at det vart klart at fylket ikkje ønskjer å gå inn for å kommersialisere flyplassen i Ørsta, vart møtet teke med seinka skuldrar.

- Vi skulle nesten ha spretta ei sjampanjeflaske, meiner Odd Magne Vinjevoll.

På møtet nytta dei høvet til å takke for at Widerøe har teke signala deira og oppretta ein ny tur/retur Bergen frå Hovden. Første turane med den nye ruta vart teke tysdag. No er det på det meste tolv daglege avgangar frå Hovden i retning Bergen og Oslo, men Utviklingsforumet ønskjer meir.

Trondheim

- Vi har spurt om rute frå Ørsta via Kristiansund til Trondheim før, og vi kom med dette innspelet på nytt no, seier Vinjevoll.

Han meiner det er heilt naturleg å sjå nordover.

- Vi vert trekt meir og meir mot Trondheim, og det er eingong slik at vi er ein del av Midt-Noreg. Då er det Trondheim som er "vår" by.

Vinjevoll viser til både pasientreiser, pårørande som skal til St. Olavs Hospital i Trondheim, høgskulemiljøet og næringslivet som alle har behov for ei slik rute. Også med tanke på ny kommuneorganisering meiner Vinjevoll at Trondheim berre vil kome nærare. Då må det også vere enkelt å reise dit.

Tina Staven kan ikkje love noko.

- Frå Hovden flyg vi allereie meir enn det anbodet er på. Det er god respons på rutene, og særleg til Oslo. Vi er også glade for den nye ruta til Bergen. Vi set pris på alle innspel. Kortbaneflyplassar er kjerneverksemda vår. Når det gjeld tur til Trondheim må vi vite om det er marknad for at ei slik rute vil vere lønsam. Er ho det vil det kanskje vere ein kandidat ved neste anbodsrunde.

Odd Magne Vinjevoll lovar å ikkje ligge å latsida.

- Det vi i utviklingsforumet må jobbe med no er å synleggjere behovet for ei slik rute. Vi tenkjer oss avgangar måndagar, tysdagar og onsdagar.