I førre kommunestyremøte i Ørsta gjekk kommunestyrerepresentantane samrøystes inn for å oreigne grunn frå fem eigedomar på Vartdal for å legge til rette for etablering av idrettsanlegg. Denne veka vil grunneigarane få tilsendt brev med vedtaket som er gjort.

– Dei har ein svarfrist på tre veker om dei har merknader til kommunen sitt vedtak. Om det vert klager vert saka sendt vidare til Fylkesmannen for ei avgjerd. Dette er i samsvar til lover og regelverk, seier Svein Silseth som har saka i Ørsta kommune.

I Vartdal TIL har dei venta lenge på at eit nytt idrettsanlegg skal verte realisert, men leiar Jon Helge Bjørndal seier at dei er tolmodige.

– Frå vår side så byrjar vi no å arbeide for fullt med finansiering. Vi har fått vedtaket som Ørsta kommune har gjort, og det er grunnlag for å starte å få inn pengar og få finansieringa på plass. No skal lage til skriv til bedrifter og bankar og kome i gang med den økonomiske prosessen, seier Bjørndal.

Spelemidlar

Vartdal TIL hadde eit ynskje om å få sendt inn søknad om spelemidlar i år, men ventar med dette.

– Vi har ikkje noko skøyte på grunnen. Vi kunne ha levert ein søknad om spelemidlar i år, men sidan vi ikkje har noko avtale på grunnen så har ikkje dette noko hensikt. Søknaden ville ha kome inn i køen, men ville ikkje ha vorte godkjent på grunn av grunnen. No har vi meir tid til å få dette på plass, og vi kan få inn søknaden neste år.

Reguleringsplanen for Vartdal idrettsanlegg vart godkjent i 2009, idrettslaget kom ikkje til einigheit med grunneigarane om frivillig avtale om kjøp av grunn. Difor har saka gått vidare til oreigning, og Vartdal TIL har von om at grunnspørsmålet skal løyse seg.

– Vi har von om at grunnspørsmålet vert løyst neste år slik at vi kan byrje å få ut papir og ta grunnen i bruk. Det er målet, men så er det tida og vegen. Vi er tolmodige, og det får ta den tida det treng.