I desse dagar mykje merksemd retta mot Mannen i Romsdalen. Visste du at eit av dei største fjellskreda nokon var i Ørsta, og skapte Skorgeura?

Den 13. september i 1990 publiserte Møre-Nytt ei sak om den då tretti år gamle geologen Lars Blikra. Det er han som no er sjefsgeolog i NGU, og som følgjer med og rapporterer rørslene til Mannen i Romsdalen.

I 1990 var Blikra i Ørsta for å skrive doktoravhandlinga si. Temaet var fjellskred, og dømet var Skoregura.

Her følgjer dåverande Møre-Nytt-journalist Skjalg Longva si sak om Skorgeura og kollapsen:

– Kollapsa fjelltopp og lausmasseskred skapte Skorgeura

– Ein svær fjelltopp kollapsa, og blokkene «flaut» på eit lausmasseskred. På denne måten vart Skorgeura skapt, avslører geologen Lars Blikra (30).

Han stadfestar at ura er eineståande. I alle fall kjenner ikkje Blikra til liknande geologiske fenomen her i landet. I område med stor jordskjelvaktivitet, som i California og Andesfjella, har dei derimot masse lokale «skorgeurer».

– Skorgeura vart skapt av ein geologisk katastrofe, forklarar Blikra, – og ser ikkje bort frå at ein fjelltopp på storleik med Liadalsnipa braut saman oppe på Nakkane, der restane framleis ligg att.

– Etter alt å døme kollapsa fjellmassivet på grunn av jordskjelv. Vi har indikasjonar på stor jordskjelvaktivitet i den perioden Skorgeura vart skapt.

Eineståande

Men dette gjer ikkje ura eineståande. Det er eit anna fenomen, og det er dette Blikra no påviser: I dalsidene under den store fjelltoppen låg det lausmassar. Og då blokkene frå fjellet rasa ut, sette dei også lausmassane i rørsle.

Desse massane strøymde nedover mot strandlinja som ei svær flodbylgje, og fjellblokkene flaut oppe på lausmassane.

Blikra kjenner att fenomenet frå jordskjelvområde rundt om på kloten. Og har dermed forklart det geologar og lekfolk har stussa på til alle tider: Kvifor ligg fjellblokkene over lausmassane?

To tusen kbm

Blikra har arbeidd i Skorgeura i fleire dagar, og har registrert blokker på opptil to tusen kubikkmeter. Blokkene ligg spreidde over eit svært område, men er karakteristisk plasserte:

– Blokkene trengde seg fram mot forkanten av skredet og ut til sidene. Der la dei seg som «ryggar» slik vi ser det i Skorgeura – og i California.

Når skjedde så katastrofen, og fjelltoppen fall ned?

Geologoen har ikkje fått studert det i detalj. Men ser det som opplagt at katastrofen skjedde etter siste istid.

På den andre sida må ura vere eldre enn 8.000–9.000 år. For oppe i ura har Blikra observert såkalla strandvasking, tretti meter over dagens vasstand. Og det er lenge sidan sjøen stod så høgt.

Vernar seg sjølv

I Ørsta har det med jamne mellomrom dukka opp forslag om å verne SKorgeura.

– Ho vernar seg sjølv, trur Blikra.

– Og utan det masseuttaket som har skjedd ved riksvegen, hadde det ikkje vore mogeleg å avsløre ura si hemmelegheit!

I dette uttaket registrerer Blikra i botnen eit lag med sand og grus. Dette er masse som isen eller flaumvatn frå isen i Skorgedalen vaska ut. Oppe på grusen ligg lausmasseskredet, minst seks meter tjukt. Og heilt på toppen: Fjellblokkene frå det tidlegare massivet på Nakkane.