Natt til tysdag og tysdag morgon er det ein heftig nedbør over Ørsta og Volda. Men det er førebels ikkje meldt om større skadar. I Follestaddalen vart fylkesvegen stengt for ein periode på sørsida av dalen grunna eit jordskred. Vegen vart raskt rydda og opna.

Lensmann Guttorm Hagen ber eigarar av skogsvegar om å sjekke grøfter og stikkrenner.

- Det har vore lauvfall og vind. Greiner kan også ha falle ned, og kan sperre for avlaup. Det er viktig at vatnet går der det skal, seier lensmannen.

Han seier seg glad for at både kommunen og private dei siste åra har auka kapasiteten på stikkrenner. Det gjer at ein unngår større flaumskadar.

Dei store vassdraga fossar flaumstore nedover mot fjorden, og over alt har små bekker vakse seg svært store.

Yrkessjåfør Lars Johan Hammer såg mest kvitt då han i morgontimane var på oppdrag inn Hjørundfjordstranda.

– Bekkene hadde vakse til store elvar, og fleire stader fossa det vatn inn på og over vegen. Ein stad såg eg spesielt mykje vatn kome ned på vegen, og der fryktar eg at vegen kan verte graven ut, seier Hammer.

Han synest ikkje det er hyggjeleg å vere yrkessjåfør slike dagar.

– Det er mest fordi eg må mykje inn og ut av bilen. Det er ikkje spesielt farleg. Med ein så stor bil eg har, fryktar eg ikkje vassplaning. Då er det meir skummelt med bekker som brått kjem som fossar ut i vegen, seier Hammer.

Om det regnar mykje på Sunnmøre, regnar det endå meir i Sogn og Fjordane. Der melder ein mann frå Vartdal at han står vêrfast i Florø fordi det er stengde vegar både vestover og nordover frå kystbyen.

Verken Ørsta kommune eller Statens vegvesen melder om større vanskar med vassmengdene førebels.

I følgje yr.no skal det regne mykje i heile dag, før det skal byrje å gje seg seint tysdag ettermiddag.