– Utdanninga er underfinansiert, utstyret er gammalt, lærarane er pensjonistar og samarbeidet med andre er svakt utvikla.

Det var den klare beskjeden Sæbøguten Martin Dimmen (21) hadde til Stortingets Kunnskapskomité då han møtte dei 23. oktober. Dimmen går andre året ved Fagskolen i Ålesund, og deltok på møtet saman med Tord Dale og Arnfinn Ingjerd frå Maritimt Forum Nordvest. Det melder nettstaden til Maritimt Forum.

Organisasjonen er meiner samarbeidet mellom dei som utdannar folk til dei maritime yrka og næringa må bli sterkare. Dei meiner tilbodet til dei operative, yrkesretta utdanningane er på eit minimumsnivå, og ønskjer at Regjeringa skal styrke desse.

Dei åtvarar også mot å la styrking av universiteta gå utover forskings- og utdanningsmiljø utanfor dei store byane.

Martin utanfor Stortinget.