Motstandarar var heimelaget Kristiansund, og Fræna VBK. Fyrste kamp var mot heimelaget, eit nokså nytt lag. Kampen vart ikkje veldig spanande då KFUM Volda hadde full kontroll heile kampen og tok ein nokså enkel 3–0 siger. Kampen mot Fræna var det knytt ekstra spenning til, då dei er eit nokså likt lag som Volda. Unge talentfulle spelarar som trenar hardt og utviklar seg kvar månad. Likevel hadde KFUM Volda overtaket gjennom heile kampen ført an av vår nye stjerne, bulgarske Maria Todorova. Med sine 22 angrepspoeng og 48,9 prosent utteljing var ho den som ofte fekk laget ut av kniper.

Med settsifra 25-10, 25–12 og 27–25 vann KFUM Volda også kamp nr. 2 for dagen og kunne starte på heimreisa i vissheit om at dette var den beste serieopninga på mange år. Ekstra gledeleg var det at dei lokale spelarane til Volda også spelte på sitt aller beste. Spesielt var oppleggjar Synnøve Rotevatn og libero Trine Bernås store bidragsytarar til sigrane. Dette lovar bra for aldersbestemte meisterskap denne sesongen. Vi gleder oss til fyrste heimekamp mot Blindheim 2 9. november.

Maria Todorova i mottak.
Marlene Tencha frå Spania på utveksling hjå Høgskulen i Volda spelte ein god kamp.