Søndag morgon vart det mørkt langs Norangsfjorden. Eit tre velta over ei kraftline ved Lekneset, og alle husstandar på Urke og Øye vart utan straum.

Straumbrotet varte frå om lag klokka 07.30 til om lag klokka 15 søndag. Tussa måtte sende montørar med delar over fjorden to gongar for å få retta feilen.

– Det er vanskeleg terreng i området, så det var ganske krevjande å få retta feilen, seier   nettsjef Arve Hovdenak i Mørenett til Møre-Nytt.

Mange på Urke har spurt kvifor ikkje kraftverket i bygda vart sett i drift for å få straumen på plass att raskare. På Facebook-gruppa «Hjørundfjorden – ei perle på Sunnmøre» undrar fleire seg over kvifor ikkje dette vart gjort. «Tvilar på dette kunne gå føre seg i Ørsta sentrum», skriv Kåre Myklebust.

Mogleg å starte

Knut Leira i Tussa Energi AS forstår at det blir stilt slike spørsmål, og stadfestar at det er mogleg.

– Teknisk sett er det mogleg at kraftverket blir brukt lokalt på denne måten. Men det er ikkje berre å slå på ein brytar, og krev så mykje arbeid at vi ikkje såg det som formålstenleg, seier han.

Elektroingeniør John Harald Sandblost utdjupar:

– Dette er eit elvekraftverk, så det første vi er avhengige av er nok vatn. Det hadde vi i dette tilfellet. Deretter må vi ha folk ute i felten for å kople ut liner og isolere området frå det kraftnettet elles. Dette krev innsats frå fleire hald, og tek o tid.

Ved straumbrot som er såpass korte som det var på søndag, meiner Tussa det ikkje er noko poeng i å setje i gang kraftverket.

– Sannsynlegvis hadde vi ikkje fått det i gang før kort tid før straumen var tilbake, så i dette tilfellet hadde det truleg ikkje hatt så mykje å seie, seier Leira.

Kan bli aktuelt

Ved lengre straumbrot er det meir aktuelt å nytte seg av denne løysinga.

– Det var ein diskusjon rundt det i samband med orkanen «Dagmar». Då hadde vi så mange andre gjeremål, at det ikkje vart prioritert. Ved lange periodar utan straum kan det likevel vere meir formålstenleg å starte kraftverket.