Politiet ser ut til å ha hatt ei roleg natt elles på søre Sunnmøre. men i Volda vart det tidvis ampert, melder operasjonsleiar Magne Tjønnøy i Sunnmøre politidistrikt.

Klokka 02.13: Ein mann i tenåra hevda han fekk eit slag i ansiktet slik at han knekte ei tann. Dette skjedde utanfor ein utestad i Volda sentrum. Mannen vil melde hendinga til politiet over helga.

Klokka 02.48: To personar slåst på Statoil-stasjonen i Volda. Politiet var på staden, og skilte dei to. Begge vart viste bort frå sentrum. Den eine personen hevda han hadde vorte slått av den andre fleire gonger. Ingen av dei to vart fysisk skadde.

Klokka 02.56: Ein person vart slått ned av ein annan ved Statoil-stasjonen i Volda. Politiet observerte hendingar og mannen som slo vart pågripen. Den eine personen var i tenåra og den andre i 20-åra. Politiet melder sjølv hendinga.