Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut flaumvarsel for mellom anna Møre og Romsdal søndag og måndag.

– Det er venta mykje regn. På grunn av høge temperaturar kan nedbøren kome som regn også i fjellet. Det vil føre til rask auke i vassføringa i bekker og elvar. Sørlige og ytre delar av fylket er mest utsett, heiter det i flaumvarselet. '

Veit du om andre konsekvensar av uvêret? Har du gode stormbilde? Tips oss på redaksjon@morenytt.no eller bruk emneknagg #mørenytt på Instagram.

Flaum- og jordskredsfaren er heva frå grønt til gult nivå både søndag og måndag.

OBS-varsel

Vêrvarslinga på Vestlandet har sendt ut OBS-varsel for Møre og Romsdal frå søndag. Det er venta liten til full storm på kysten av Sunnmøre, og lokalt svært mykje nedbør søndag.

– Lokalt kan det kome 50-80 mm nedbør på 24 timar, og det kjem mest nedbør i sør, heiter det i varselet.

Tidevatnet blir også høgt, estimert til 40-60 cm over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane.

Ordføraren: - Sjekk takrenner og avlaup/rister

Ordførar Rune Hovde i Ørsta har også merka seg varselet. På Facebook-sida si oppmodar han folk om å bu seg på nedbøren:

– Det kan vere lurt å sjekke takrenner og avlaup/rister på førehand for å unngå skader.

NVE oppmodar også om å rense dreneringsvegar og stikkrenner.

MS Hjørundfjord trassar uvêret og reiser ut for å ta imot hurtigrutegjestar på Urke søndag morgon. Foto: Rune Sæbønes
Yr.no har lagt ut dette bildet på Twitter-sida. Til venstre ser du vinden som er venta, medan nedbøren er til høgre. Foto: Yr.no