Annelin Wangen som er rådgjevar og lærar ved Sæbø skule ville vise elevane at det er mange yrkesgrupper som er i sving på ein slik båt, og at Hurtigruta er like mykje ein arbeidsplass som det er ein måte å feriere på. Denne kunnskapen skal elevane bruke i faget utdanningsval som handlar om kvar vegen går vidare innan utdanning.

Elevane drog med rutebåten M/S Hjørundfjord til Urke og gjekk om bord frå der. Først gjekk turen til styrhuset. Der fekk dei høre om yrket navigatør frå kaptein Jon Olav Klodiussen. Han fortalde at mannskapet på hurtigruta er på jobb 22 dagar i strekk før dei så får 22 dagar fri. Dette var ikkje noko for alle, men likte du å reise mykje var det midt i blinken for deg.

”Når eg kjem heim er det som å vere nyforelska den første veka. Andre veka er passe og tredje veka går kjerringa nesten og skubbar på kofferten min og vil at eg skal fare», fortalde han med eit smil.”

Elevane fekk sjå seg rundt på skipet før dei fekk høyre om kokkeyrket frå ein av kokkane. Han fortalde at etter å ha sett ut frukosten og laga lunsj, hadde dei fire timar fri før dei så måtte lage middag. Menyen på hurtigruta var sett saman av lokal mat frå området rundt der dei låg i kai. Kokk Andreas Viestad har saman med kokkane på skipet utarbeidd meny som står i stil med det fantastiske landskapet som skipet passerer. Tysdag stod lammelår frå Hellesylt på menyen.

Siste stopp var konferansesalen. Der fortalde reiseleiar Hild om sine opplevingar i reiselivsbransjen, blant anna når ho jobba på den transsibirske jernbane. Ho snakka om utdanning, utfordringar og løysningar i bransjen. «Det viktigaste er å gjere noko, konsekvensane får vi krangle om etter på», sa ho. Etter dette fekk elevane høyre om maskinarbeid frå sjefsmaskinisten.

– Eg vil takke Hurtigruten MS Midnatsol for gjestfridomen og ein fantastisk og lærerik oppleving. Dette kjem vi til å ha mykje nytte av i faget utdanningsval. Kaptein Klodiussen fortalde svært interessant om skipet, yrkesgruppene og utdanninga ein treng for å arbeide på Hurtigruten. Eg er veldig imponert over mottakinga vi fekk på MS Midnatsol, seier Annelin Wangen.

Midnatsol ligg ankra i Norangsfjorden.