Innlegget til Marie er ikkje som alle andre. Ho har laga ein fantasifigur som heiter Lilly Lolly. Lilly Lolly likar ikkje skulen, og det er det mange barn i dag som heller ikkje gjer. Marie har eit bodskap å kome med om mobbing, som er veldig relevant for alle.

Les innlegget her:

Lilly Lolly

Lilly går i 3.klasse på Vester skule. Lilly likar ikkje skulen fordi ho blir mobba i friminutta.

Mange barn i heile Noreg blir mobba på nett, skulen, skulevegen, busskøa og andre plassar. Om du ser nokon som blir mobba må du seie ifrå til ein vaksen eller hjelpe den som blir mobba! Om du mobbar nokon  MÅ du stoppe, tenk på om nokon hadde mobba deg, hadde du likt det? Tenk deg godt om før du seier noko slemt eller tvinger nokon eller andre ting, det kan fort bli til mobbing! Det gjeld alle! Og om du har tenkt deg godt om så mobbar du ingen. Eg synest det er teit å mobbe andre, husk på at alle er forskjellige og at verda hadde vore kjedeleg om alle hadde vore like!

Ikkje mobb nokon!

Marie Mo Bergli, 10 år