No er tida komen for å stille klokka igjen. Men kva veg skal ho igjen?

Ein enkel hugseregel er å stille klokka mot sommaren. No er sommaren over for i år, og dermed skal klokka ein time tilbake. Klokka skal stillast klokka 03.00 natt til søndag.

Til våren skal klokka ein time fram igjen.

Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980, og i 1996 fekk vi same sommartid som EU-landa, melder Nærings- og fiskeridepartementet. Dei har ansvaret for Justervesenet, som har dei mest nøyaktige klokkene i Noreg. Atomura er rette ned til under eitt mikrosekund.

– Ikkje minst for næringslivet er det ein stor fordel at vil følgjer resten av Europa. Då unngår vi misforståingar og praktiske ulemper, seier «tidminister» Monica Mæland.

Opphavleg var energisparing motivasjonen for å stille klokka. No har vi sommartid for å få mest mogleg dagslys i sommarhalvåret.