Fredag kveld mellom klokka 20.30 og 00.30 gjennomførte Utrykningspolitiet fartskontrollar på to stader i Volda.

Den første kontrollen var i 80-sona i Rotsethorntunnelen på E39. Har vart det skrive ut fire forenkla forelegg, og den høgste farta var 99 kilometer i timen.

Seinare flytta dei seg til Egset, også på E39. Her er det 60-sone, og sju bilistar fekk forenkla forelegg. Den høgste målte farta var 85 kilometer i timen.

Likevel melder Up om mykje fin køyring, og overraskande få som køyrde for fort.

Elles melder poltiet på Sunnmøre om ei roleg natt, der den mest nemneverdige hendinga var ei geit i ei rundkøyring på Moa.