– Skal vi framleis vere ein attraktiv studiestad, må vi planleggje for framtida no, seier rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda.

Høgskuleleiinga, Statsbygg og fleire lokale og regionale aktørar var førre veke samla for å starte opp eit campusprosjekt i Volda.

Kristin Dale Selvig frå Statsbygg minte om universiteta og høgskulane sitt samfunnsoppdrag: undervisning, forsking og formidling til samfunnet.

– Høgskulane må opne seg for verda. Dei må bli flinkare til å formidle og rettferdiggjere eksistensen, sa Kristin Dale Selvig.

– Internasjonalt er det stort fokus på campusutvikling. Bygg som innsatsfaktor i undervisning, forsking og formidling blir stadig viktigare som potensiell konkurransefordel i kampen om studentane og dei beste forskarane, sa Selvig i følgje heimesida til Høgskulen i Volda.