– Laurdag er den dagen mange har tid til å lese avisa, og då er det synd om den ikkje kjem, seier Nils Håndlykken. Han bur på Urke, ein av stadene der avisene kjem med Posten.

Regjeringa sitt forslag til ny postlov er ute på høyring. Eitt av forslaga i lova er å kutte postombering på laurdagar. Regjeringa vil tilpasse seg postdirektivet til EU, som skal liberalisere postmarknaden,

– Det har over lenge vore kraftige fall i talet på postsendingar, og støttenivået har auka. Det skaper ein vanskeleg situasjon for Posten. Regjeringa ønskjer difor å dusere talet på omdelingsdagar frå seks til fem, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i ei pressemelding.

Fleire hundre abonnentar

– Om ein får ei rekning eller eit vanleg brev laurdag eller måndag har ikkje så mykje å seie. Men avisene er meir ferskvare, så den er viktigare å få på rett dag, seier Håndlykken.

Mellom anna dei fleste som bur langs Hjørundfjorden og Austefjorden, i tillegg Folkestad og Lauvstad får avisa gjennom Posten i dag. For Møre-Nytt sin del, gjeld dette 384 lokale abonnentar i dag (fjernabonnentar kjem i tillegg), eller litt over sju prosent av alle abonnentane. 364 abonnentar på Sunnmørsposten i Ørsta og Volda vil også bli råka.

Konsekvensane blir endå større i Sogn og Fjordane, der distribusjon med eigne bod er mindre utbreidd enn på Sunnmøre. Enkelte aviser sør for fylkesgrensa distribuerer meir enn 30 prosent av eksemplara sine med Posten.

– Mogleg å finne løysingar

I lovforslaget blir det opna for å halde fram med å distribuere berre aviser, og ikkje vanleg post, på laurdagar. Dette vil koste staten rundt 100 millionar kroner. Håndlykken på Urke trur det er mogleg å få til levelege løysingar.

– Dei fleste her på Urke er til dømes på butikken i løpet av laurdagen. Eg trur det hadde fungert greitt om abonnentane kunne hente avisa der. Og mange i dei yngre aldersgruppene vil kanskje vere nøgde med eit godt digitalt alternativ, seier han. Lovforslaget er ute på høyring no, og er avhengig av vedtak i Stortinget.