– Vi vil gjere det litt lettare for folk, så vi skiftar namn, seier kokken Coşkun Aydin.

Dei fleste ser kanskje føre seg Ingrid Bergman og Humphrey Bogart i heit omfamning når dei høyrer ordet Casablanca. Filmen frå 1942 gjorde namnet på den marokkanske byen vide kjent, og no er det mogleg å ta turen til Casablanca, også i Ørsta.

– Det var mange som misforstod. Fleire hadde same namn som oss, Verona, og det skapte litt kluss. Nokre gonger laga vi mat som ingen kom for å hente fordi dei trudde dei hadde bestilt maten ein annan stad.

Tilfeldig

Dermed vart Verona til Casablanca.

– Men vi er dei same eigarane, så det er ingen endringar der, forsikrar han.

Namnevalet var tilfeldig valt.

– Det kling veldig fint, og det er ingen andre som heiter det same i Noreg, så vidt vi veit. I tillegg er det eit namn folk kjenner til frå før, så det håper vi gjer at fleire finn fram til oss.

15 år

Coşkun Aydin har jobba ved Casablanca i to veker, og kjem frå firmaet i Ålesund. Han er ein av to tilsette, og har lang fartstid i bransjen.

– 15 år, seier han.

– Då eg kom til Noreg frå Tyrkia starta eg som servitør hos den kjende restauranten Gullik i Ålesund. Så har eg gått gradene. No er eg kokk. Du lærer mykje etter så mange år i bransjen.

Større

Lokalet i Ivar Aasen-gata har husa mange ulike restaurantar dei siste åra, men Aydin håper at dei no klarer å etablere seg med ei stabil kundegruppe.

Casablanca tilbyr alt frå pizza til pasta, salatar, kylling, biff, fisk og tyrkisk kebab.

– Vi vil køyre ulike tilbod, og lovar rimelege prisar. Og så håper vi at folk vil vere flinke til å besøke oss. Det er ein tøff bransje å drive i, det er det ikkje tvil om, men vi håper å kunne vekse oss større og tilsette fleire folk etter kvart. Vi ønskjer å satse og har mange planar for tida framover.