I januar starta Elisabeth Leira, som er utdanna hudpleiar, opp Leira Spa i leilegheita si. Det starta opp med massasje og fotpleie, men etter at ho tok eit kurs i vippe-extension i mars tek dette opp alt arbeidet i verksemda.

– Eg la ut nokre før- og etterbilete, og etter dette har det vore fullt opp å gjere. Eg trur heller ikkje dette kjem til å gå over med det første. Kundane er i alle aldrar. Tenåringane vil gjerne ha fyldige vipper, og dei som er eldre har kanskje mista litt av vippene sine og vil ha tilbake ein naturleg utsjånad, seier Leira.

– Kvifor valde du å starte di eiga verksemd?

– Eg trur det alltid har vore slik at eg likar å drive for meg sjølv, og eg likar å arbeide med folk. I 2010 og 2011 utdanna eg meg til hudpleiar, men å få seg jobb her som er relevant til utdanninga er nesten umogleg utan at du startar for deg sjølv.

Ein av grunnane til at vippe-extensions har vorte populært er du sparar tid i kvardagen på å sleppe å sminke deg ifølgje Leira.

– Eg hadde ikkje tenkt tanken og trudde ikkje at vippe-extension skulle kome til å ta av slik det har gjort. Det er mange kundar frå Volda og Ørsta, i tillegg tek folk frå Ålesund og ut i øyane kontakt og bestiller time. For meg har det vorte ein fulltidsjobb.

Det som har vore nøkkelen for kundebasen til Leira Spa vert større er personlege anbefalingar ifølgje Leira.

– Eg visste at vippe-extensions var noko som folk ville ha, men eg hadde ikkje sett føre meg at marknaden var så stor. Alle som kjem innom har sett ein kollega eller ei klassevenninne som har vore nøgde, og personlege anbefalingar har vore viktig. Eg har og fått mykje skryt, og det gir meg veldig mykje.

Leira trivst med arbeide heimanfrå, og ser ingen grunn til å skaffe eit lokale i sentrum.

– Det er rimelegare for meg og kundane at eg arbeider heimanfrå. Det er og praktisk for begge partar, og m.a. småbarnsmødrer kan ta med ungane då her både er tv og ein hundekvalp.

Brystkreftsaka er viktig for Leira og solidaritetsaksjon for brystkreftramma, Rosa Sløyfe, er noko som verksemda støttar.