Sofaslitar. Svanhild Åse Vist presenterer uttrykket sjølv der vi møter henne i treningsantrekk på Aktiv Trening i Ørsta. Det er berre knappe tre månader sidan ho for første gong gjekk inn døra på eit treningssenter. No har 49-åringen på rekordtid vorte ein av dei mest ivrige, og det er ikkje uvanleg at Svanhild er innom senteret fem dagar i veka.

– Eg er så full av energi, og har fått så stort overskot, strålar dama.

Slik var det ikkje før, då Svanhild var sofaslitar. Då ho låg rett ut på sofaen om kveldane, meir eller mindre tappa for energi og lyst til å røre på kroppen.

Revmatisme

For vel 10 år sidan fekk kvinna revmatiske plager i musklar og skjelett, noko som har utfordra kvardagen hennar mykje med smerter og anna. Smertestillande tablettar vart ein av dagsrutinane.

Svanhild jobbar i tretti prosent stilling på Norsk Revmatikerforbund sitt fylkeskontor i Ørsta. Det likar ho godt, og ho skryt av ein arbeidsgjevar som viser stor forståing for kvardagsutfordringane hennar. Men Svanhild syntest ikkje eit liv slik ho har levd det var noko å trakte etter. Ho vart fort sliten og tappa for energi - og ho tenkte lenge på at noko måtte gjerast. Ein seinsommardag i år tok ho eit oppgjer med seg sjølv. No MÅTTE ho berre byrje å trene. Men ho frykta kva som møtte henne på eit treningssenter, og om ho ville føle seg mislykka blant dei som var der. Og Svanhild Åse ville ikkje gå dit åleine, ho frykta dette ikkje var noko for henne. Ho allierte seg difor med ei veninne, trekte inn pusten og sette i gang. Og raskt kunne ho seinke skuldrene.

– Så feil kunne eg ta. Her på Aktiv har eg ingenting å frykte. Alle styrer med sitt eige, ein slepp å stå i kø og vente på eit apparat og ein kan stå i ei krå og gøyme seg bort, viss ein ønskjer, reflekterer den nøgde kvinna.

No føler Svanhild seg avhengig av å trene etter at denne aktiviteten har gjort underverk på henne. Smertene i kroppen hennar er også kraftig reduserte.

– Medan eg tidlegare oftast låg rett ut på sofaen når eg kom heim att, har eg no ein enorm energi. No klarer eg til og med å gå med høghæla sko!