Den nye undersøkinga tek for seg 2003-undersøkinga som forskar Lars Jørgen Vik gjorde i regi av Møreforsking Volda, og samanliknar materialet med Ungdata-undersøkinga som Nova utførte i samarbeid med kommunane i 2013. Undersøkinga omfattar alle elevar i ungdomsskulen og første året på vidaregåande skule i Volda og Ørsta. Elevane er inndelt etter kva kommune dei går på skule og ikkje kva kommune dei høyrer til. I 2003 deltok 949 elevar i undersøkinga, og 939 tok del i 2013. Svarprosenten er i gjennomsnitt på rundt 90 prosent av alle elevar.

Undersøkinga vart presentert for begge kommunane torsdag. Vik poengterte at berre ein del av spørsmåla som vart stilt i 2003 også var med i Ungdata-undersøkinga. Vik seier at dei mest spesielle og interessante funna vart gjort under indeksen som dei har valt å kalle psykisk helse. Under spørsmålet «I kor stor grad har du opplevd slike problem?» hadde elevane seks alternativ. Dei som har kryssa av «ikkje plaga i det heile tatt» på alle seks spørsmåla kjem i kategorien god psykisk helse. Dei som har kryssa av for eitt eller to av elementa kjem i middels psykisk helse. Dei som har kryssa av for nokså/ganske mykje plaga eller veldig mykje plaga på tre element kjem under variabelen dårleg psykisk helse.

– Tala viser at det frå 2003 til 2013 har situasjonen forverra seg i sterk grad for jentene. Det er neste tre gonger så stor del jenter som gutar som hamnar under dårleg psykisk helse. I 2003 var det dobbelt så mange jenter som gutar. Det har vorte gradvis dårlegare psykisk helse opp gjennom årar frå 2003 til 2013, og det hadde og vore interessant å sett på dei to siste åra på vidaregåande skule. Men dei veit ikkje noko om, seier Vik.

Medan tala har vore stabile for gutane har tala for jentene gått opp. I 2003 kom 25 prosent av jentene under variabelen, og i 2013 er talet 34 prosent. Kva som er årsaka til dette har ikkje Vik noko svar på, og det har heller ikkje vore ein del av undersøkinga.

– Det er ikkje datafeil, og det er ei robust undersøking med over 900 respondentar. Høg svarprosent bidreg og til at vi føler oss sikre.

Undersøkinga viser og at ungdomane også er meir «heimekjære» i 2013 samanlikna med 2003. Mange fleire ungdomar i 2013 samanlikna med 2003 har gjort noko saman med foreldra i løpet av veka, og vore heime saman med familien heile kvelden. Tala på elevar som har opplevd vald eller trugsmål om vald har gått ned, og Vik konkluderer med at ungdomen var fredelegare i 2013 samanlikna med 2003. På dei fleste andre område syner utviklinga stabilitet eller ei positiv utvikling.

Utviklinga i Volda og Ørsta er ikkje ulik resten av landet, men i tala i den lokale undersøkinga har eit lenger tidsspenn enn i nasjonale undersøkingar frå Ungdata.