– Skiltplanen for dette området er nyleg vedteken, og no er skilta og merkinga i ferd å kome på plass. Så snart alll merking er i tråd med skiltplanen, vil vi starte handhevinga av regelverket, seier lensmann Guttorm Hagen til Møre-Nytt.

Parkeringsforbodet på nordsida av Amfi-senteret gjeld til bestemte tider på døgnet. Underskilta som viser dette, er ikkje på plass enno. Så snart dei er det, er merking i tråd med planen.

– Då kan folk få parkeringsbøter?

– Ja, då vil vi skrive ut gebyr til dei som ikkje følgjer reglane. Men vi håper sjølvsagt at flest mogleg respekterer regelverket, seier Hagen.

Han seier at parkeringsforbodet er av omsyn til mjuke trafikantar. Difor er det også kome på plass gangfelt i området.

– Dette området skal ikkje vere ein parkeringsplass, men eit område for mjuke trafikantar. Parkering skal skje på nedsida av Amfi-bygget.

Skiltinga ved Amfi vert etter planen ferdigstilt om få dagar, og då startar også handhevinga frå politiet si side.