– Eg har hatt ein slags plan om dette heilt sidan eg kom til Noreg. Det var berre snakk om å finne rette tidspunktet. Eigentleg hadde eg tenkt å opne 23. september, på dagen fire år etter at vi kom til Noreg. Men det rakk eg ikkje, så det blir fire år og ein månad, seier Natan til Møre-Nytt.

I dag, torsdag, opnar han og kona Fiuna Omidi skreddar- og klesforretning i Vikegata i Ørsta sentrum.

Lang erfaring

Natan er opphavleg frå Afghanistan, men har budd i både Iran og Tyrkia. Fiuna er frå Iran.

– Eg har både utdanning og femten års erfaring som skreddar, så dette er faget mitt, seier Natan.

Dei to fortel at det ikkje har vore berre lett å få til forretninga i Ørsta.

– Nei det har teke tid å setje seg inn i det norske systemet. Det er mykje som annleis her i forhold til i landa vi har budd i tidlegare. Men vi har fått mykje god hjelp. Og det var veldig bra at vi fekk kjøpe dette huset.

I huset i Vikegata 18 i Ørsta har dei to butikk og verkstad i første etasje og leilegheit i andre.

– Så vi har kort veg til jobb, kan du seie.

Hovudsakleg dameklede

Natan jobbar hovudsakleg med dameklede, som kjolar og kåper. Han designar kjolar sjølv. Ein del produserer dei sjølv, medan andre ting blir produsert andre stader med Natan sitt design.

– Eg kan også justere og reparere både dameklede og herreklede. I tillegg ønskjer eg å begynne å designe barneklede for jenter. Kleda eg lagar, har vestleg design, seier han.

– Er det vanskeleg å drive med dette handverket i ei tid der mange kjøper billege klede i kjedebutikkar?

– Eg trur det skal gå bra. Sjølv om mange kjøper kvardagsklede i billegbutikkar, trur eg det er mange som vil ha kvalitet når dei skal kjøpe seg nye kjolar. Eg har allereie laga ein del kjolar til folk i Ørsta heimanfrå, så eg har ein kundebase. Og om folk vil ha klede med lokal forankring, får de iallfall det her, seier Natan entusiastisk.

Erfaren: Natan har femten års erfaring frå skreddarsaum og klesdesign, og har allereie opparbeidd seg ein kundebase i Ørsta.