Det seier Knut Nautvik, klinikksjef ved kirurgisk avdeling ved Volda sjukehus til Møre-Nytt.

Saman med tre avdelingsoverlegar ved sjukehuset og avdelingssjef Mona Ryste ved medisinsk avdeling har han sendt eit brev til AMK-sentralen i Førde.

«Tilbakemeldingar frå pasientar, pårørande og primærlegar i Nordfjord og diverse referat frå nyhendemedia, gjer at vi er usikre på om AMK Førde har fullt oversyn over kva for akuttilbod og vaktordningar for spesialistar Volda sjukehus har på døgnbasis. Dette er bakgrunnen for denne informasjonen», heiter det i brevet.

– Dette er ikkje meint som kritikk av AMK Førde i det heile teke, men som ein vennlegsinna informasjon, seier Nautvik.

Spesialistar på vakt

I brevet går avsendarane gjennom alle kapasitetane Volda sjukehus har på døgnbasis.

Sjukehuset har spesialistar i indremedisin, ortopedi, anestesiologi, gynekologi og kirurgi på vakt 24 timar i døgnet. For kirurgien er regelen at nye pasientar i helgane normalt blir sende til Ålesund. Det er likevel kirurg på vakt i Volda.

Liv og helse må kome først

Sjølv om han ikkje vil kritisere Helse Førde, vedgår Nautvik at dei har late seg forundre av enkeltepisodar ved ulykker.

– Vi meiner det er underleg at pasientar blir sende landevegen til Førde når det skjer ulykker rett sør for fylkesgrensa seier han. Dette er ofte situasjonar der det kan vere avgjerande at pasienten kjem raskt til rett kompetanse.

– Og då kan Volda måle seg med Førde?

– Ja, eg vil absolutt påstå at vi har den naudsynte kompetansen. Omsynet til liv og helse må kome framfor grensene i helseføretaka, seier Nautvik.

Han håper at informasjonen blir formidla vidare til AMK-operatørane i Førde, og nytta når dei skal velje kva sjukehus pasienten skal til.

Helse Førde seier til Møre-Nytt at dei er varsame med å kommentere saker som gjeld andre helseføretak.

– Vårt prinsipielle syn er at slike innspel bør gå gjennom leiarlinja i føretaka, seier kommunikasjonssjef Terje Ulvedal.

Omsynet til liv og helse må kome framfor grensene i helseføretaka