- Ja, det er mi and. Ho stakk av. Første gongen fekk vi tak i ho, men før vi var komne heimatt slapp ungane ho ut av kassa, og ho flaug avgarde igjen, fortel Lillian Auflem Øye.

Kasta seg på sjøen

Og anda har tydeleg fått smaken på fridomen. Familien har leita lenge, og fått mange tilbakemeldingar frå folk som har observert den, nærast frå heile kommunen.

- Frå Vallabøen heilt ut til småbåthamna før Liadal. Siste observasjonen var frå området ved Amfi. Der har ho halde seg saman med stokkendene, men vi klarer ikkje å få tak i henne.

For det manglar ikkje på forsøk.

- Eg har til og med kasta meg i sjøen, og vi har hive eit nett over ho, men ingenting nyttar. No lurer eg på å ha vår andre and i band for å sjå om ho klarer å lokke med seg rømlingen, seier Auflem Øye.

Miks

Mange har stilt spørsmål ved kva type and det er. Ho har mange av dei same fargane som ei stokkand, men er nærast dobbelt så stor.

- Dette er ein god miks av moskusand, rouenand og ei til som er ukjent. Dei et sniglar, beitar bra, og er sagt å skulle legge store egg. Det siste har vi ikkje sett noko til enno, for vi har berre hatt dei sidan i sommar.

Om nokon skulle få fatt i anda, høyrer ho heime i Fonnavegen 15.