I dag blir det norskproduserte spelet «Dreamfall - Chapters» lansert internasjoanlt på PC, Mac og Playstation 4.

Artisten Egil Olsen frå Ørsta bidreg med musikk til gigantspelet. Spelet blir sleppt fem episoder framover, og kvar episode er Egil Olsen representert med ein låt, heiter det i ei pressemelding.

Sjå videoar frå spelet nedst i saka.

– Musikken står alltid i fokus, men å finne nye måtar å presentere musikken min på er veldig spennande, seier Olsen.

Han har tidlegare hatt kunstutstilling, omskreve sine engelskspråklege låtar til nynorsk poesi, laga filmmusikk i Japan og hatt eigen teikneseriestripe i Dagbladet, i tillegg til eigenproduserte musikkvideoar, animasjonar og platecover.

– Nokre av dei er frå det komande albumet til Olsen, som kjem på nyåret, medan andre er komponerte spesielt for spelet.

I første episode får du høyre låten «'don't just say you love me show me». Du kan til og med finne Egil Olsen sjølv, som ein karakter i spelet, syngande med gitaren framfor eit lite publikum på eit gatehjørne. Og her kan du stoppe opp og høyre fleire akustiske låtar "live".

– Etter å ha blitt tatt bilde av frå alle vinklar, laga dei ein modell av meg i 3D. Denne modellen kan dei få til å gjere kva som helst. Flaut, seier Olsen om animeringa.

Under kan du sjå videoen av animeringa av Egil Olsen:

Og her er ein smakebit av ein av songane frå Egil Olsen som er med i spelet:

Slik ser «Egil Olsen Show» ut i dataspelet.