Nokre nye kommunar kan vere på plass alt frå 1. januar 2018. Det fordrar at kommunane har kome langt i samanslåingsprosessen, og får gjennomført eit kommunestyrevedtak om samanslåing innan hausten 2015. Då vil regjeringa gjere vedtak om ei slik samanslåing våren 2016, og den nye kommunen kan altså verte etablert frå 1. januar 2018.

– For dei aller fleste kommunane vil det likevel vere slik at vedtak om kven ein ynskjer å slå seg saman med vert gjort i løpet av våren 2016. Dei nye kommunane vert då gjeldande frå 1. januar 2020, seier fylkesmann Lodve Solholm.

Det vil seie at det ordinære kommunestyrevalet i 2019 vert val på det nye kommunestyret for den nye større kommunen, slik fylkesmannen og regjeringa no legg opp løpet.

Uansett gjeld det frå kommunal- og moderniseringsdepartementet at alle kommunar skal ha gjort vedtak i kommunestyra sine innan sommaren 2016 om kommunesamanslåing.

Folkerøysting

Fylkesmannen gjer det klart at det er eit krav at innbyggjarane i kommunen skal høyrast.

– Dette bør skje når samanslåingsalternativa er klare. Det kan anten gjerast gjennom spørjegranskingar, som departementet vil leggje tilgjengeleg på sine nettsider, eller gjennom folkerøystingar, seier Solholm.

Han minner om at det etter norsk lov berre er rådgjevande folkerøystingar i Noreg. Det endelege vedtaket om samanslåing må verte gjort av kommunestyra.

Kommunane vil få 100.000 kroner for å ta innbyggjarane med på høyring. Ørsta kommunestyre har alt vedteke at det skal vere ei folkerøysting.

– Kommunane står føre store utfordringar i tida som kjem, både knytt til befolkningsutvikling og behovet for å få tak i arbeidskraft til å løyse dei viktige velferdsoppgåvene som kommunane har ansvaret for. Diskusjonen om vegen vidare for å ta tak i desse utfordringane, og møte innbyggjarane sine krav og forventningar, er ei av dei viktigaste utviklingsoppgåvene lokalpolitikarane no er bedne om å følgje opp i eigne kommunar, seier Solholm om kommunereforma.