I samband med ny renovasjonsforskrift for Ørsta og Volda i fjor, gjorde kommunestyra vedtak om å opne for at hytteeigarar som alt betalte renovasjonsavgift til Volda Ørsta Reinhaldsverk, etter søknad kunne få fritak frå renovasjonsgebyr.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjorde så kommunen merksam på at dette kunne vere i strid med lova. Eit brev frå administrasjonen i Miljødirektoratet stadfestar dette. Kommunane har ikkje heimel til å kunne skilje krav om gebyr mellom kvar abonnentane bur. Ørsta og Volda kan då ikkje ha og praktisere denne delen av forskrifta som ikkje har juridisk grunnlag.

Kommunestyret i Ørsta vedtok torsdag difor samrøystes å fjerne avsnittet om fritak frå renovasjonsavgifta for hytteeigarar frå forskrifta.