- Vi har store forventningar til den nye båten, seier reiarane Per Magne Eggesbø og Atle Vartdal.

Eggesbøfamilien i Herøy eig 65 prosent i båten, medan Knut og Atle Vartdal eig dei resterande 35 prosenta.

75 meter

Trålaren vert bygd og utrusta for tradisjonelt fiske etter kvitfisk, i tillegg til reker.

Den 75 meter lange trålaren representerer eit nytt nivå når det gjeld fleksibilitet og effektivitet i alle driftsfasene.

Trålaren har ein fabrikk for prosessering av ulike filetprodukt og ein lastekapasitet på 1,200 m3, 450 m3 mjølrom og ein frysekapasitet på 90 tonn i døgnet. Lasteromma er arrangert for pallelast.