– Øvinga vert halde av politiet i samarbeid med Ørsta kommune og fylkesberedskapssjefen m.a. Fleire innbyggjarar i Ørsta vil oppleve å få ei tekstmelding i samband med øvinga. Men merk: Dette er ei øving, og det vil også stå i tekstvarselet, seier ordførar Rune Hovde.

Kriseleiinga i Ørsta kommune vil vere med på øvinga, og Ørsta er den einaste kommunen som er med denne gongen.

– Dette er ei papirøving der ymse stabsfunksjonar skal testast. Nytt er det at vi testar såkalla UMS-varsling. Det vil seie at vi sender ut melding på SMS til ei bestemt gruppe innbyggjarar. Det kan til dømes vere ei melding om evakuering, eller at folk skal halde seg inne. Kva meldinga går ut på onsdag, veit vi faktisk ikkje noko om, seier Hovde.

Kommunen vil verte involvert i «Øving skred» på morgonkvisten, og har fått melding om at i løpet av dagen vil det verte sendt ut ei melding om innbyggjarvarsling.

Ordføraren fortel at SMS-varsling er ein metode kommunen alt har nytta i andre samanhengar.

– Til dømes ved vasslekkasjar og vegstengingar.