Ei kvinne frå Volda er i Søre Sunnmøre tingrett dømt for fleire lovbrot knytt til bilkøyring og narkotikabruk.

Ho vart stoppa av Politiet då ho var ute og køyrde to gonger, sjølv om ho mista førarkortet for mange år sidan. Den eine gongen hadde ikkje køyretøyet gyldige skilt heller.

I tillegg er ho dømt for å køyrt bil samtidig med at ho var påverka av amfetamin og diverse legemiddel. Tablettane var ikkje utskrivne til henne.

Ho er også dømt for å ha kjøpt og brukt narkotiske middel.

I dommen heiter det at det mest alvorlege i tiltalen er køyring i rusa tilstand. Dette er ho dømt for ein gong tidlegare, og retten valde difor å dømme henne til vilkårslaust fengsel denne gongen.

Kvinna gav tilsto alle lovbrota i retten, noko som var formildande.

Ho må likevel sone 21 dagar i fengsel og betale ei bot på 22.000 kroner. Ho kan heller ikkje gå opp til ny førarprøve før om to år.