Aldri før har givarglede vore så stor i Ørsta som under årets TV-aksjon, der innsamlinga gjekk til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med å skaffe varig tilgang til reint vatn til ein million menneske.
Ørsta gav rundt 523.323 kroner, noko som gir eit snitt på 49,67 kroner. I fjor gav ørstingane i snitt 43,82 kroner. Då gjekk pengane til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid med demenssaka.
Totalt kom det inn 239,8 millionar kroner, ti millionar meir enn i fjor.
Les også: Rekordmange bøsseberarar
Botn på søre
Men sjølv om ørstingane gav som aldri før, gav dei minst av kommunane på Søre Sunnmøre, fordelt på innbyggjartal.
Mest gav dei i Herøy, der snittet var på 74,19 kroner per innbyggjar. Også Volda ligg føre med 50,90 kroner per innbyggjar, noko som gir ein total på i underkant av 453.500 kroner.
Snittet
Noreg 46,96
Herøy 74,19
Ulstein 68,89
Sande 67,64
Hareid 61,22
Vanylven 52,69
Volda: 50,90
Ørsta: 49,67
Svalbard gav mest, med eit snitt på 366,06 per innbyggjar, etterfulgt av Ustira i Rogaland med 311,71 kroner per innbyggjar.