Paul Kristian Hovden har vore i aksjon for TV-aksjonen i heile dag.

No står inne hos Sparebank1 Søre Sunnmøre og tømer nokre store blå plastsekkar for bøsser.

- Rundt rekna 125 bøsser har vi hatt ute i Ørsta i dag, og det er første gong at vi har 100 prosent dekning på alle roder. Så dette lovar godt.

Tunge bøsser

- Oi, ein 1.000-lapp, seier Ingvild Endal.

Ho er i ferd med å tøme alle bøssene, mens Fredrik Christian Langlo har fått i oppdrag å samle alle sedlane i bunkar etter verdi.

- Bøsseberarane fortel om stor givarglede, og her er mange tunge bøsser. Det vert eit godt resultat i år, trur teljarane.

Her kan du sjå oppdatert statistikk frå Møre og Romsdal.