Like over midnatt natt til søndag vart ein mann slått og sparka av tre andre personar i Volda sentrum. Mannen vart lagt inn til observasjon ved Volda sjukehus. Han er oppgitt å vere lettare skadd. Personane som gjorde dette var kjenningar av fornærma. Dei tre mistenkte er alle i trettiåra, og politiet møtte dei seinare på natta. Dei vart vist vekk frå sentrum. Sak er oppretta og vil verte etterforska. Politiet opplyser at alle involverte er frå Aust-Europa.

Aggressiv

Klokka 02.10 vart ein mann pågripen i Volda etter at han slo til ein annan. Fornærma måtte til lege og sy eit kutt i andletet. Begge mennene er i 20-åra. Den mistenkte var kranglete og aggressiv då politiet kom til staden, og han vart teken med til arresten der han fekk sove ut rusen.

Siste sommardag?

Poltiet seier at det er mange som ha nytta seg av den milde temperaturen som var natt til søndag til å sove utandørs.

- Langs fortau og oppgangar har folk lagt seg til å sove etter nattens alkoholinntak. Desse har vorte vekt og bedne om å gå heim.

Dette galdt fleire tilfelle både i Volda og i Ålesund.

Elles har politiet fått fleire meldingar om høg musikk og festbråk frå private adresser. Nokre har vorte ringt til og bedne om å dempe seg, mens andre har fått besøk av politiet.

- Tenk på naboen, sjølv om de har eit hyggeleg lag, oppmodar dei.