Rektor ved Møre folkehøgskule i Ørsta, May Kristin Bolli, snakkar engasjert. Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2015 inneber eit kutt på 35 millionar til folkehøgskulane i Noreg.

– Eg klarer ikkje å tru på at dette kjem til å gå igjennom. I så fall er det svært dramatisk.

«Rikmannsskular»

Ho fryktar at folkehøgskulane vert «rikmannsskular», mellom anna fordi regjeringa vil kutte i studiestøtta til elevane.

– Dette vil ramme dei elevane som har dårlegast økonomi. Ein reduksjon i statstilskotet vil føre til at færre ungdomar får moglegheit til å gå eit år på folkehøgskule. Det er heilt tragisk og umoralsk.

Bolli meiner at kutta ikkje er god samfunnspolitikk, og seier at det i Høgre sitt partiprogram står at dei vil jobbe for «å sikre et bredt folkehøgskoletilbud.»

– Kuttforslaga signaliserer noko heilt anna.

Stenge dørene

Dersom forslaget får fleirtal på Stortinget, meiner Bolli at det vil føre til ein driftsmessig tøff situasjon for fleire folkehøgskular. Ho trur fleire risikerer å måtte stenge dørene, og at driftsrammene vil verte så tronge at det kan stoppe vidare utvikling.

– Vi har erfaring med at unge menneske finn ny motivasjon og læringslyst etter eit år på folkehøgskule. Det er difor uforståeleg at Høgre som parti ikkje vil gi folkehøgskulane meir kredit for dette, med tanke på å få unge til å fullføre vidaregåande skule og ta utdanning vidare.

Også forsking viser at folkehøgskuleelevar lettare gjennomfører bachelorutdanning enn snittet av ungdom.

Urovekkjande

– Sett i lys av fråfallsproblematikken, både i den vidaregåande skulen og i høgare utdanning generelt, er signala frå regjeringa urovekkjande. Signala er i utakt med trendar i nærings- og samfunnsliv både nasjonalt og internasjonalt, meiner Bolli, som seier at kompetansen elevar får etter eit folkehøgskuleår er etterspurd i arbeidslivet.

– Det er snakk om same kompetanse som Harvard innprentar i sine studentar. Kompetanse som førebur studentane til samfunnsansvar, til å forstå seg sjølv som produkt av- og deltakarar i tradisjonar av kunst, idear og verdiar; å setje studenten i stand til å svare kritisk og konstruktivt på endring og å utvikle studentane si forståing for dei etiske dimensjonane ved det dei seier og gjer.

Signal

I Ørsta rommar folkehøgskulen 96 elevar. Om sommaren fungerer den tomme skulen som sommarhotell. Det gjer at skulen klarer å halde hovudet over vatnet økonomisk, kanskje også dersom regjeringa kuttar i tilskotet. Situasjonen er ikkje den same for alle andre av dei nær 80 folkehøgskulane i Noreg.

– Eg er ganske sikker på at samarbeidspartia KrF og Venstre no kjem på bana og sikrar framleis gode vilkår for folkehøgskulane, også i 2015. Det har kome signal på at stortingsrepresentantar er klare til å ta opp kampen når budsjettet skal verte handsama, seier Bolli.

Ho sit sjølv i ei referansegruppe for norske folkehøgskular, og vil spele sine synspunkt inn mot styresmaktene.

– Kunnskap og kompetanse handlar om meir enn det som kan målast i studiepoeng.