Nesten 1.700 personar frå Ørsta og Volda må klare kvardagen med det SSB karakteriserer som låginntekt.

Delen innbyggjarar i Noreg som lever under fattigdomsgrensa har auka dei siste åra.

Under 60 prosent

– Dei som har ei hushaldsinntekt monaleg lågare enn det som er vanleg blir rekna blant dei med låginntekt. Ein skal vere forsiktige med å bruke uttrykk ”fattige”, sidan tabellane strengt teke berre fortel at personane på eit gitt tidspunkt hadde relativt lave inntekter, poengterer SSB.

I denne statistikken har vi sett på lokale tal på hushald som ligg under 60 prosent av medianinntekta i Noreg. Studenthushald er ikkje medrekna.

Det kjem fram at 10,6 prosent av alle innbyggjarane i Volda ligg under dette nivået. Det betyr at 884 personar frå Volda er under fattigdomsgrensa. Her er sjølvsagt også barn som bur i dei aktuelle hushalda medrekna.

– Blant barnefamiliar er det ei aukande mengd som ikkje held tritt med den generelle inntektsauken i samfunnet. Det har i tillegg blitt fleire barnefamiliar som opplever ein periode med lave inntekter som strekkjer seg over fleire år, framkjem det på ssb.no.

I Ørsta kommune er det 798 personar som blir rekna i denne kategorien. Det er då snakk om åtte prosent av befolkninga.

– Mindre forskjellar

– Dei viktigaste tiltaka mot fattigdom er ein god skule som sikrar utdanning for alle, og eit inkluderande arbeidsliv der fleire får sjansen til å delta, seier statssekretær Torkil Åmland (Frp) i Arbeids- og sosialdepartementet.

Det er enorme forskjellar frå stad til stad på dette feltet. På landsoversikta kjem Volda på 286. plass blant dei 428 kommunane, medan Ørsta er nummer 101.

– Regjeringa arbeider med fleire tiltak som vil hjelpe til mindre forskjellar. Vi vil stille vilkår om aktivitet for å hjelpe til at fleire sosialhjelpsmottakarar kan kome i arbeid, understrekar Åmland.

I Møre og Romsdal er det Skodje kommune som kjem best ut med berre 6,4 prosent under grensa, mens Averøy er nummer to i Møre og Romsdal. Halsa har svakaste tal med 13,1 prosent av hushalda under 60 prosent av den typiske inntekta.