To månader med nærare seks mil omkøyringsveg er over. Måndag 6. oktober klokka 10 opnar Ystenesbrua, på vegen inn til Store Standal, for trafikk igjen, melder Statens vegvesen.

Eit flaumskred skada den gamle Ystenesbrua våren 2012. Det var difor naudsynt å bygge by bru med betre plass til flaum og skred. Den nye brua står på same staden som den gamle og har kosta 6,3 millionar kroner.

Vegen stengde 4. august. Da vart den gamle brua riven og ei ny bru blei støypt på same stad.

- Vi vil rette ein stor takk til innbyggarane og næringslivet for tålmoda dei har vist dei siste to månadene, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Einaste veg inn og ut har vore over Standalvegen. Frå Ytstenesbrua til Festøya er det ei omkøyring på nærare 6 mil.

Omkøyringa frå brua til Festøya har vore på nesten seks mil medan brua har vore stengd.