Under den siste kontrollen av den nye 420 kV-lina over Hjørundfjorden vart det oppdaga at lina var for slakk, og i dei neste tre vekene vil mannskap justere spennet.

– I dag er fjordspennet over Hjørundfjorden 85 meter over fjorden. Seglingshøgda er minimum på 70 meter. Vi må ta høgde for islast, og om det vert islast og stormflo samtidig så kan spennet kome under 70 meter. Difor vert spennet no heva med ti meter for å vere sikker på at spennet er over seglingshøgda, seier kommunikasjonsansvarleg Martha Hagerup Nilson i Statnett Midt-Noreg.

Arbeidet starta måndag og vil gå føre seg fram til og med veke 43. Hjørundfjorden vil ikkje verte stengd, og det vil vere vaktbåtar som dirigerer båttrafikken. Arbeidet vil skje på Molaupen-sida av Hjørundfjorden. Det vil og verte nytta sprengladningar til avspenning av faselinene.

Det vil og verte nytta helikopter til å frakta mannskap til og frå arbeidsstaden. Statnett vonar at arbeidet som no skal gjerast ikkje skapar mykje bry for bebuarane i området.